Bela blei para med Baldrian den 02.04.22 og har fått bekrefta at ho er drektig. Eg vil oppdatere etter kvart.

Den 1. juni fekk Bela 5 kvalper. 4 tisper og 1 hann. Den eine tispa var dødfødt. Dei andre kvalpane går det berre fint med.

Her er kvalpane 4 dager gamle


Her er kvalpane blitt ei veke gamle.

Bela er flink med kvalpane. Dei er mette og fornøgde.

Her er kvalpane blitt 14 dager gamle.

Èin mnd. gamle.

Eg har så vidt starta å gi tilleggsfor, men Bela har rikelig melk endå.
Dei er begynt å bli meir aktive med slåsting og leiking. Etter at dei har vore veldig aktive, så kan dei sove i mange timer. Når dei var tre veker gamle fekk dei ormekur. Eg vog dei samtidig og dei hadde veldig lik vekt. Alle var over 1,7kg.
Vi er begynt å klargjøre uteplass til dei, så vi håper på godvær framover.😊

Dei koser seg i hundegården.
Dei koser seg i hundegården.
Kvalpane  boltrer seg ute i inngjeringa.
Kvalpane boltrer seg ute i inngjeringa.
Her er kvalpane 6 veker gamle. Dei er ganske like når det gjeld tyngde som er ca.: 2,9 kg. Dei har fått ormekur x2.

Bela sitt fyrste kull har fått nye heimar

Mor og dotter slapper av på sofaen. Ser ut som dei fungerer godt illag.😊

Mor og dotter slapper av på sofaen. Ser ut som dei fungerer godt illag.😊

Kvalpane fekk namna: Driva, Tara, Bamse og Bali. 
Driva kom til Hyllestad.

Tara reiste til Folldal.

Bamse havna i Øygarden, og Bali bestemte vi oss for å ha sjølve.

Nyeste kommentarer

10.06 | 10:22

02.05 | 11:25

Spency har hatt sitt siste kull. Vår neste avlshund heiter Bela og vi har ikkje bestemt tidspunkt for paring endå.

24.01 | 12:17

Blir det ett kull dette året også?
Har hatt svensk lapphund tidligere.

08.07 | 11:27

Så trivelig at det blir valper etter Teddy også ☺️ Jeg har mora Skiftesgrinds Azta. Ho e en flott hund på alle måter. Lykke til!

Del denne siden