Den 29.07.2016, fekk Spency fire kvalper. Tre hanner og ei tispe. Alt står bra til med mor og barn.🙂
No er kvalpane til Spency blitt seks dager. Dei et og søv. :)
Her er kvalpane blitt 23 dager gamle. Dei lever fortsatt berre på morsmjelk. Dei utvikler seg fantastisk fort og vi ser nesten forskjell frå dag til dag.
No har det snart gått 10 måneder sidan eg selte mitt siste kull. Eg har fått mange fine bilder av kvalpane og har lyst til å syne desse på heimesida mi. Eg veit at enkelte kjøpara er interessert i opplysninger om syskena til kvalpane dei har kjøpt og det får dei no.
Bjarne som bur i Nederland fungerer veldig godt illag med alle sorter dyr og folk. Han er ein snill og grei hund. Han er 19 kg. Han liker å plaske i vatn. Han liker også å gøyme beinet sitt.
Nico som bur i Bergen er ein trivelig hund. Han er 16 kg tung. Han stortrives på fjellet illag med Harley. Eigarane av Nico og Harley kjenner kvar andre slik at hundane får vere mykje saman.
Harley er utrolig snill og grei. Utsjåande er han veldig lik Spency.
Alice som bur i Valdres går det fint med. Ho er snill og trives med å vere mykje ute.