Siste nytt om kvalpane.

Brage i Karasjok går det fint med. I følge eigaren var han rask til å lære å gjæte reinsdyra. Han er ein flink, snill og modig hund. Eg har lagt ut ein video, som eigaren sendte meg, då Brage var ca.: 4 måneder gammel.

Brage

Caspera seks måneder gammel.

Caspera og Bjøynn blei levert til Gudbrandsdalen, der begge to blir brukt til reinsdyrgjæting.
Den eine hunden kunne ein sjå i programmet. :" Gjætar i Jotunheimen. NRK 1.
Eigaren har sendt meg nokre videoer og eg har lagt ut ein av dei. I følgje eigaren, så gjæte ho reinsdyr og sau. No skal ho starte med blodsporing.

Dette er bilde av Bela, som vi beholdt sjølv. Ho er ein veldig fin og god familie hund.

  • Her er Balto, som flytta til Bergen.

    Balto går det fint med. Han elska å være ute og han er ein godgutt.

  • Dette er Tara, som flytta til Høyanger.

    Carola går det fint med. I følgje eigaren er ho nett slik ein hund skal være. Trygg i forhold til folk, unger og hunder.

  • Her er Truls, som flytta til Mo i Rana.

    Truls går det fint med. Eigaren og Truls går veldig mykje på fjelltur. Eg har fått mange fine bilder av han og han er ein fin hund.

10. des, 2017

Siste nytt om kvalpane.

Etter to måneder pause, så føler eg tida er inne for å oppdatere heimesida mi.

Seks av kvalpane har forlengst fått nye heimer og ein kvalp har eg beholdt sjølv.

Det var eit svært jevnt kull, med friske og sterke kvalper.

Balto var den fyrste som forlet oss. Han reiste til Bergen.

Den 16. september tok vi med oss fire kvalper i bilen og kjøyrde til Lom i Gudbrandsdalen. Der vi leverte Caspera og Bjøynn. Dei skal gjete reinsdyra begge to.

Deretter reiste vi til Trondheim, der vi møtte to kjøpara i frå Mo i Rana og Karasjok. Truls reiste vidare til Mo i Rana og Brage reiste til Karasjok for å gjete reinsdyr.

Den siste som forlot oss var Tara og ho for til Høyanger.

Her er Bjøynn, som reiste til Lom. Han er flink med å gjete reinsdyr. Han er snill og rolig.